Frontpage
Grannar er en politisk uavhengig lokalavis for kommunene Etne i Hordaland og Vindafjord i Rogaland.
Articles: 4411
27 Apr 2022, 05:00
News
Dei siste fem åra har Arne Moe stilt opp nesten dagleg for frivilligsentralen i Etne. Han har lagt ned imponerande mange frivillige timar til glede for små og store, og har gjennom sitt engasjement for sine medmenneske bidrege til ein betre kvardagen for mange. Sjølv finn han stor glede i å hjelpa. — Eg ser […]
26 Apr 2022, 17:00
I fylket er det omkamp om alle tidlegare prioriterte prosjekt som ikkje har byggjestart i 2022. Det nye handlingsprogrammet for fylkesvegane i Rogaland er frå 2023 til 2026. Alle prosjekt som er i det gamle programmet, blir vekta og prioriterte på ny. Bakgrunnen er ei venta økonomisk utvikling med strammare rammer, pluss at meir skal […]
26 Apr 2022, 14:47
Politikarane i Vindafjord opna lommeboka for at handlebussen for Imsland, Bjoa og Vikebygd ikkje skulle stoppe opp etter årsskiftet. No har Kolumbus bestemt å vere med og drive transportilbodet som sikrar fleire eldre transport til butikken éin gong i veka. I første omgang er det vedtatt pengar til å drive bussen ut året. Joker i […]
26 Apr 2022, 12:25
Tysdag kunne Jan Erik Kjerpeseth, konserndirektør i Sparebanken Vest annonsera for leiinga på Skakke at banken ville tildela seks millionar kroner i gåvemidlar til oppgraderinga av kulturhuset. Aldri før har Sparebanken Vest gjord ei så stor tildeling til eitt enkelt prosjekt eller føremål. — Kulturhuset Skakke er sjølve hjarta i bygda med eit yrande liv […]
26 Apr 2022, 11:20
Søkjarlista er: Namn Alder Kjønn Bustadkommune Noverande stilling Res Astrid Kathrin Mannsåker 52 Kvinne Tysvær Adjunkt med tilleggsutdanning Nei Signe Ytrøy 34 Kvinne Bømlo Konstituert biblioteksjef, midlertideg. Nei Malin Synnøve Edvardsen 26 Kvinne Tromsø Praksis Nei Ingmar Fjærestad 28 Mann Oslo Arkivar Nei
26 Apr 2022, 11:00
18 ulike prosjekt får til saman 1,7 millionar kroner i støtte til for å betra miljøet i elver og vassdrag i Rogaland. På lista over prosjekt finn ein Vindafjord kommune, som får 50.000 kroner for tiltaksgjennomføring av sjøaureprosjekt. Prosjekta som får økonomisk støtte av fylkeskommunen skal bidra til betra miljøstanden i ferskvatn og sjø, der […]
26 Apr 2022, 07:11
Eg går her søndag morgen og småler og tenkjer tilbake på revyen eg såg på Skakke i går kveld. Så tenkjer eg, kva ler eg mest av ? Jo, eg ler samla av all nauteskapen de viste oss på scena og små filmsnuttar. Tusen tusen takk til alle for at de gir så mykje av […]
26 Apr 2022, 05:00
— Me vil køyre ein skikkeleg 17. mai slik som dei har vore før, ikkje berre noko billig, seier Perly Sandvik som også er med i leiarskapet av 17. mai-komiteen i bygda utan storstove. For at foreldra til 7. klassingane, som arrangerer feiringa, ikkje skal sitte med alle kostnadane for å skape ein verdig 17. […]
25 Apr 2022, 20:43
Ølen IL fortsett sin gode sesongstart. Scoringar av Sølve Østbø (24) og Casper Kvamen Clausen (18) sørga for 0-2-siger borte mot Torvastad måndag kveld. Med dei tre poenga på Torvastad Kunstgras følgde Ølen sine beste menn opp 12-0-sigeren frå sesongopninga heime mot Sveio veka før, og toppar 6. divisjon med suveren målforskjell. https://grannar.no/2022/04/opna-med-braksiger/ Dei to […]
25 Apr 2022, 16:00
— Det blir litt annleis å springe i dag, eg pleier ikkje å springe orientering på asfalt, fortel 13-åringen frå Bjoa før start. Laurdag var ho ein av 75 påmelde som deltok då Vindafjord Orienteringslag arrangerte kretsmeisterskap (KM) i Ølen sentrum. På startstreken stilte også storesøster Anna Vivelid (15) og mamma Gro Johannessen. — Det […]
25 Apr 2022, 13:30
Det er torsdag og på Honsvikjo i Etne er badesesongen alt i gang. Rett nok peikar gradestokken tett oppunder 20 grader på land, men i sjøen er det ikkje meir enn 6,6 grader. Med andre ord kan definisjonen «kokvarmt» diskuterast, men kva gjer vel det? Dei fem førskulebarna frå Småfolk barnehage som denne dagen har […]
25 Apr 2022, 12:14
Klokka 13.48 måndag ettermiddag fekk brannvesenet melding om ei trafikkulykke i Akslandtunnelen i Imsland. Mannskap frå Sandeid Brannstasjon rykka ut. Dette melder 110-Sør-Vest på Twitter. Saka blir oppdatert.
25 Apr 2022, 12:00
Onsdag 27. april kan du bli med Bente Bratlund på ei spennande og tidvis humoristisk, tidvis alvorleg reise inn i dikta hennar. Undervegs deler ho sine tankar om bakgrunn og tematikk i dikta. Bente sett pris på det dei ulike augneblikka i livet gjev oss. Dette kan vera augneblikk av nærleik, sorg, glede, sakn eller […]
25 Apr 2022, 09:30
— Me blei oppmoda av Arve B. Røneid (ein av landets beste toradar-spelemenn, red. merknad) til å spele inn ein CD. Me er den einaste toradargruppa på Haugalandet, så han meinte at å dokumentere musikken vår vil vere viktig for ettertida, fortel Unni Marie Lien, som også er kjend for sin rosemålarkunst i den unike […]
25 Apr 2022, 07:00
– Det at nokon vel å slakte ned besetninga er i seg sjølv uvanleg. Det er unormalt høge nivå på denne tida av året, seier Kjell S. Rakkas, konserndirektør for kommunikasjon, samfunnsansvar og berekraft i Nortura. Selskapet er eigd av bøndene sjølv og produserer og leverer kjøtt og egg. Over 40 bønder har meldt inn […]
24 Apr 2022, 22:01
Cowboybandet Makalaust fekk nesten publikum til kasta seg ut i diverse variantar av støveldansen, då dei framførte tre rykande ferske låtar frå sitt eige repertoar sist laurdag. Låtar som handlar om både kjærleik, fest, bønder og øl, skrive ut frå eigne erfaringar. Faktisk er tre av medlemmene i bandet sauebønder, og hadde berre ein pause […]
24 Apr 2022, 14:00
Det er lenge sidan eg har hatt høve til å granska mitt eige blod, sånn inngåande. Det same kan det vera, eg hadde vel neppe fått stort ut av det heller. Men det er nå ein gong slik at eg går rundt med folkeopplysaren NRK rett i øyra dagstøtt, og ein dag vart det fortalt […]
24 Apr 2022, 11:00
Laurdag 30. april vert det endeleg sjakkturnering for Etne og Vindafjord. Turneringa er eit samarbeid mellom biblioteka i Etne og Vindafjord og det vil koma representantar frå det etablerte sjakkmiljøet på Haugalandet. Arrangementet som i år går føre seg på Vindafjord bibliotek, har klasse for nybyrjarar, skuleelevar, vaksne, samt ein eigne meisterklasse. Interesserte må ta […]
24 Apr 2022, 09:30
I Politisk kvarter den på NRK P2 15. april 2021, altså for eitt år sidan, trekte Jonas G. Støre fram kor viktig tilgangen til barnehage og skule er for å oppretthalda busetjinga i distrikts-Noreg. Dette er berre ein av mange grunnar til at barnehagen og skulen er viktig i distrikta. Barnehagen og skulen er sjølve […]
24 Apr 2022, 07:47
Sør-Vest politidistrikt melder klokka 04.23 natt til søndag om ein fest i Sandeid som blei til sjenanse for naboane grunna støy. Vertskapet fekk pålegg om å roa ned festen.
24 Apr 2022, 05:00
«Onsdag 3. april 1951 hadde Vats Bondekvinnelag sitt første møte. Formann Gunda Tørresdal ønskte velkomen, so song ein saman. Det blei teikna 18 medlemmer. So vart det val av 4 styremedlemmer med varamedlem». Slik startar referatet frå det første møtet i Vats Bygdekvinnelag for 71 år sidan. Referatet er å finna i laget si nye […]
23 Apr 2022, 18:45
Laurdag opna landsserien for elitelag på G16-nivå. Denne gongen gjekk møtet mellom FK Haugesund og Viking føre seg på SR-Bank Stadion i Ølen. Etnesbu David Øren, som er fast inventar på FKH sitt G16-lag, hadde rolla som kaptein. — Eg var faktisk litt nervøs før kampen, men det gjekk veldig bra. Det var god atmosfære, […]
23 Apr 2022, 17:00
110 Sør-Vest går ut med åtvaring om at skogbrannfaren er aukande i heile Rogaland og Sunnhordland både no og i dagane framover. Dei minner om det generelle bålforbodet, og ber folk bruka sunn fornuft når både grill og eld skal handterast, og tipsar folk om å følgja med skogbrannfareindeksen på nettsida skogbrannfare.met.no Gult farevarsel er […]
23 Apr 2022, 13:00
Delar av Ølen Torg opna dørene i slutten av februar med Kiwi på plass som første butikk. Resten av butikkane kjem i neste veke. Det var eit vilkår for å få godkjent utbygginga at gangfeltet over E134 skulle vere på plass frå dag éin. I ettertid er det også blitt eit spørsmål om kven som […]
23 Apr 2022, 09:30
Sola skein på Støle då Harald Magne Ekornrud blei gravlagt fredag før påske. Han døydde søndag 3. april. Det var eit langt og særs mangfelt liv som då var til ende. Me blei kjent med Harald for 45 år sidan, då han og vår «Mosta», Eli Moe, traff kvarandre. Harald blei fødd i 1934 og […]
23 Apr 2022, 05:00
Ein og ein blir dei 107,5 meter høge betongkonstruksjonane frakta til Gulen ved Sognefjorden. Etter at glidestøypen er ferdig ved Dommersnes industriområde i Vikebygd, blir betongunderstella til Hywind Tampen monterte saman med tårn, turbinhus og blader på Gulen industrihamn. Vindafjord kommune jobbar no for at Hywind ikkje skal bli første og siste akt for Dommersnes […]
22 Apr 2022, 20:15
André Hustoft Nesheim har så langt i sesongen imponert både mentorane og publikum med songen og musikken sin i Tv2-programmet The Voice. Men konkurransen er knallhard, og fredag kveld var det stopp for skjoldabuen. Det beste I knockout er det – på lik linje som i duellane, to og to deltakarar frå kvar mentor sitt […]
22 Apr 2022, 16:00
Krisa i landbruket ser ikkje ut til å påverke innkjøpet av nye traktorar. I mars vart det registrert 250 traktorar, drygt ti prosent fleire enn i same periode i fjor.
22 Apr 2022, 13:30
Showet som har fått namnet Show me the money, er i regi av revygruppa til ungdomslaget Fram, og bakgrunnen til denne kronerullinga er å skaffa pengar på bordet til både nytt kjøkken på Skakke og etterkvart oppgradert fasade på den gamle delen av huset. — Dette trur me blir ein veldig kjekk kveld. Ein avslappa […]
22 Apr 2022, 11:00
Laurdag 23. april blir det slektskafé på Vindafjord bibliotek. Sigmund Steinsbø kjem og fortel kva ein kan forventa å finna om ein brukar DNA-test som metode i slektsgransking. Slektsgransking er ein svært utbreidd hobby, og mange har tatt – eller vurderer å ta – DNA-test for å kartlegge. Men kva kan ein forvente av slike […]
22 Apr 2022, 09:30
I ei verd i stadig endring, ikkje minst teknologisk og kommunikasjonsmessig, må etablerte strukturar ofte vurderast. Dette gjeld sjølvsagt også kommunale tenestetilbod. Eg har sjølv vore med på å vedta strukturendringar (fjerning av tiltak) både innan skule- og helsesektoren – og fått min del av kjeft for det. Ved vurdering av endringar i skulestruktur vil […]
22 Apr 2022, 08:20
Tiltaka for å auke konkurransen i mjølkemarknaden skal no evaluerast. I Hurdalsplattforma har regjeringa sagt at dei gradvis skal fasast ut.